Stipend og prosjektmidlar

BKH-produksjonsstipend 2021

For 2021 har Bildende Kunstneres Hjelpefond tildelt kunstsenterfunksjonane ved SFKM, Musea i Sogn og Fjordane 100.000 NOK i stipend. Stipendet er eit produksjonsstipend, og kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane kan søke. Dette er for å stimulere til kunstnarleg verksemd i region Sogn og Fjordane, og av den grunn må prosjektet finne stad i regionen.

BKH-stipendet skal vere med på å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda til kunstsentera. Styret for Musea i Sogn og Fjordane annonserer stipendiat etter innstilling frå Kunstfagleg råd innan utgongen av året.

Søknaden skal sendast digitalt som .PDF-fil på maks 5 sider og 5 MB. Den må innehalde:
  • Prosjektomtale
  • Budsjett
  • Visuelt materiale
  • CV

Søknaden og spørsmål sendast til sfkm@misf.no, med frist til og med midnatt 31. oktober. E-post merkast med BKH-stipend og namn i emnefelt.

Regionale prosjektmidler for visuell kunst 2021

Viktig melding grunna koronasituasjonen

Om du har fått Regionale prosjektmidler for visuell kunst i 2019 og/eller 2020 og utstillinga eller prosjektet er utsatt/avlyst grunna unntakstilstanden, vil du fortsatt kunne søke Regionale prosjektmidler for visuell kunst 2021. Rapporten for tildelte midlar i 2019/2020 blir levert via KiN si søknadsportal når prosjektet er ferdig. Om prosjektet er avlyst sender du inn ein rapport som beskrivar korleis midla vart nytta og opplysar om at utstillinga er avlyst.

Søknadsfrista for 2021 er 1. september.

Les retningslinjar og søknad for regionale prosjektmidlar her.