Søknad om utstillingsplass

SØKE UTSTILLINGSPLASS VED SFKM FOR 2023?

Tema: Natur

 

KVEN KAN SØKE?

Alle biletkunstnarar og kunsthandverkarar kan søke.

Om søknaden gjeld eit gruppeprosjekt, vil ein person måtte representere gruppa.

Vi oppmodar søkar til å legge fram prosjekt som ikkje har vore vist tidlegare og som er produsert innanfor dei siste 5 åra.

 

KORLEIS SØKE?

Søkaren er pliktig til å legge ved følgande dokumentasjon i EIT dokument (PDF, maks. 15 MB):

 

Administrative detaljar

  • Namn, addresse, telefonnummer og e-post adresse.
  • Nettsideadresse om ein har det.
  • Ein kortfatta CV (som òg inneheld fødselsår og stad).

 

Kunstprosjekt

  • Tittel
  • Detaljert omtale av prosjektet (maks 2 sider)
  • Liste over deltakarar om gruppeutstilling
  • Liste over kunstverk med foto eller ei direktelenke til verket på internett (maks 10 foto/lenker).

 

SØKNADSFRIST?

Søknadsfrist 15. februar. 

Du vil få varsel om at søknaden er teke i mot og svar på søknaden innan 3 månader etter søknadsfristen.

 

Utstillingsfoto frå utstilling av Maia Birkeland
Utstillingsfoto frå utstillinga "Det vi har i lag" av Maia Birkeland i 2017, © Maia Birkeland / BONO. Foto: Oddleiv Apneseth.