Sogn Kunstsenter

Målaren Hans Gjesme vart fødd i Lærdal 11. mai 1904. Han hadde tidleg interesse for teikning, og skulebøkene hans var fulle av skisser frå eventyr, verdshistoria og Bibelen. Allereie som 16-åring reiste Gjesme til Kristiania for å gå i lære hjå Pola Gauguin, som var svært nøgd med eleven sin innsats og raske framgang.

Gjesme donerte kunsten sin til Lærdal kommune rett før han døydde. Ut ifrå det vart Gjesmegalleriet etablert i 1998. Samlinga omfattar særleg mange landskap og portrett, skisser og ferdige arbeid, i ulike teknikkar som teikning, maleri, akvarell, pastell og skulptur. På grunnlag av denne samlinga på om lag 1500 verk, vart Sogn Kunstsenter bygd. Det vart opna i 2011.

Kunstsenteret syner både fram verk av Hans Gjesme og samtidskunstutstillingar.

Opningstider 2020

Stengt for sesongen frå 8. august.