Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) er Sogn og Fjordane-regionen si viktigaste forvaltar og formidlar av kunsthistorie og samtidskunst. SFKM er, i lag med Astruptunet, EIkaasgalleriet og Sogn Kunstsenter, organisert i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF). De fire einingane utgjer Avdeling kunst hos MiSF.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ansvar for regional kunsthistorie frå om lag 1900 og fram til i dag. Museet er ei vidareføring av Sogn og Fjordane Fylkesgalleri og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter og forvaltar om lag 4500 kunstverk i samlinga si. Kunstmuseet ligg i sentrum av Førde i eit prisvinnande bygg.

Kunstsenterfunksjonen i Sogn og Fjordane er også ved museet. I museumsbygget finn du derfor båe museale utstillingar og kunstsenterutstillingar av norske samtidskuntnarar.

Opningstider 2021

Tysdag til sundag kl. 11-16.

Mandagar og heilagdagar stengd.