BKSF / NKVN Kunstsenteret

Det nye museumsbygget til Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) i Førde er ei vidareføring av Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, skipa i 1987 og døypt om til Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2000 og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, opna i 1983. I nybygget har aktivitetane til desse to einingane smelta i hop.

Dei fleste fylker i Noreg har eit kunstnareigd og kunstnarstyrt Kunstsenter. Etter 2003 er det Sogn og Fjordane Kunstmuseum som har hatt ansvaret for ivaretaking av kunstsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane, og 12. desember 2018 vart ei ny avtale om kunstsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane underskrive.

Opningstider 2020

Heile året: Kl. 11-16. Mandag stengd.

Mellombels stengd til 2. juni grunna covid 19