Prisar og årskort:
Omvising vaksne: kr. 100,-
Omvising gruppe (10 eller fleire): kr. 75,- per person
Omvising student/pensjonist: kr. 75,- per person
Galleri: kr. 50,-
Minstepris utenom opningstid: kr. 500,-
Årskort for heile SFKM:
Person kr. 250,-
Familie kr. 450,-.
Kortet gjeld i eitt år frå kjøpsdato
Finne fram til museet:
Frå Førde køyrer ein E 39 nordover til Vassenden. Der tek ein til høgre og svingar innpå F v 471 rett etter Coop ved Vassenden, Deretter køyrer ein 11 km langs sørsida av Jølstravatnet.
Frå Skei køyrer ein på 2,6 km på R 5, før ein tek av og innpå Fv 471, ved Kjøsnes. Køyrer 15 km på sørsida av Jølstravatnet.
Opningstider:
1.juni-14.juni: Kl. 11 – 16 alle dagar. Ope utstilling i galleriet, omvisinga i dei gamle husa laurdag/søndag og etter avtale.
15.juni-11.august: Kl. 10 – 17 alle dagar.
12.august – 13.september: Onsdag kl. 16.15-19.00 og laurdag / søndag kl. 11.00-16.00
Omvising:
Ein kan tinge omvising på førehand på e-post til solveig@misf.no / mobil 99202676 eller direkte til Astruptunet tlf 47476581 i opningstida. På vekedagar fram til 14.juni må ein tinge omvisning i dei gamle husa.
I helgar og frå 15.juni til 11. august omvising ved behov.
Mat på Astruptunet
Det er kafei den gamle kjellaren i hovedhuset. I kafeen kan ein kjøpe kaffi, is, ferske sveler og vafler.
Normalt er det plass til 25 – 30 personar, men i desse koronatider er det plass til om lag 5 familiar. På fine dagar er det fleire idylliske sitteplassar rundt om i tunet som kan nyttast til eit hyggeleg måltid.
Butikk:
Godt utval av postkort og plakatar av Nikolai Astrup sine bilete. Vi har og ein del bøker om Nikolai Astrup og andre kunstnarar.