Gardshagen

Sommaren 2021 byrjar restaureringa av Engel og Nikolai Astrup sin gardshage på Astruptunet. I samband med dette vil vi utføre registrerings- og planleggingsarbeid, som kan føre til at grasareal og bed ikkje framstår som velstelte. Arbeidet vil halde fram til 2023. Da vil heile gardsanlegget, både bygningar og gardshage, vere tilbakeført til slik det var i perioden mellom 1928 og 1965.

I gardshagen fanst opphavleg eit stort spekter av ulike planter. Nokre var etande, nokre var giftige, nokre var vekstar frå folkemedisinen og nokre var til pryd. Astrup hadde god kunnskap om eigenskapane og utsjånaden til dei ulike plantene og komponerte sine særprega samplantingar som vi kan finne att i kunstverka frå Sandalstrand.

Nikolai Astrup, "Rabarbra og småpike på Sandalstrand", utan år. © Nikolai Astrup/BONO

Planar framover

Sette opp viltgjerde for hjorten før beplantning.

Innplanting av frukttre.