Facebook

Målaren, grafikaren, teiknaren og skulptøren Ludvig Eikaas frå Jølster er ein av den norske etterkrigstidas mest markante biletkunstnarar. Han var ein av pionerane innanfor non-figurativ kunst, i lag med Gunnar S. Gundersen, Odd Tandberg, Tor Hoff, Inger Sitter, Jakob Weidemann og Knut Rumohr, på slutten av 1940-talet.

Samlinga i Eikaasgalleriet vart donert til Jølster kommune av Ludvig Eikaas. Den omfattar no over 850 verk av kunstnaren i ulike teknikkar; grafikk, maleri, skulptur, trykkplater, collage, readymade mm. Galleriet ligg på Ålhus langs E39, ved Jølstravatnet, med eiga badestrand og tilgjenge for rullestolbrukarar.


Om Eikaas og Eikaasgalleriet

Opningstider 2022

Juni
18.06 – 30.06: 11.00-16.00

Juli
01.07 – 31.07: 11.00-17.00

August
01.08 – 14.08: 11.00-16.00

Frå 20 august til 11 september:
Ope laurdag og søndag, 11.00-16.00

Galleriet er ellers ope etter avtale med avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes på mob: +47 99 20 26 76/ +47 47 47 22 36.


Prisar og info om museet

Kva skjer?