Astruptunet var Engel og Nikolai Astrups heim i 15 år. Kunstnaren kjøpte den gamle husmannsplassen i september 1912 for å bruke eigedomen som utmark, men flytta fast til tunet i januar 1913.

Engel Astrup, Astrups kone, budde på Sandalstrand heilt fram til året ho døydde, 1966. Året før selde ho anlegget til Jølster kommune, og i avtalen frå 1965 fylgde alt av lausøyre og kunstverk som var tilhøyrande Astruptunet salet til den nye eigaren. I dag er Astruptunet ein del av SFKM.

Opningstider 20201

Mai
Pinsa 22.mai-24.mai kl.11 – 16
28.-30.mai kl.11 – 16

Juni
Alle dagar kl.10 – 16

Juli
Alle dagar kl.10 – 17

1.-10.august
Alle dagar kl.10 – 16

12.august -12.september
Torsdag, laurdag og søndag kl.11-16

Galleriet er ellers ope etter avtale med avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes på mob: +47 99 20 26 76/ +47 47 47 22 36.