Den første tundirektøren Engel Astrup
Engel Astrup, stofftrykk. Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto, 2021.
25. mai-11. september 2022

Om utstillinga

Engel og Nikolai brukte mykje tid på å byggje seg ein heim. Først på Myklebust, og deretter på ein gamal og nedsliten husmannsplass på Sandalstrand. Her bygde dei det som etter kvart skulle bli både gard, nyttehage og kunstnarheim.
Då Nikolai døydde i 1928, tok Engel ansvaret for å ta vare på kunstarven og å utvikle kunstnarheimen. Nokre av trykkplatene etter Nikolai er stilt ut, saman med forteljinga om korleis dei vart brukt etter hans død.

Etter kvart vart det mange som strøymde til tunet, og på 1960-talet hadde Engel over 3000 besøkande. I 1965 selde Engel eigedomen til Jølster kommune. Vilkåra var klare: det skulle byggast eit eldfast bygg til å huse kunsten, og ein skulle jobbe for å få Nikolai Astrups kunst attende til Astruptunet. Tunet skulle vere i offentleg eige, og driftast i den ånd kunstnarparet hadde skapt.

Astruptunet ynskjer med denne utstillinga å formidle og fornye historia om den første direktøren i tunet, Engel Astrup, og vise hennar produksjon av teikningar, tekstiltrykk og trykkplater.

Kurator: Solveig Berg Lofnes
Medkurator: Tor Martin Leknes
Utstillingsteknikarar: Solveig Berg Lofnes og Berhanu Mekonen
Grafisk utforming: Kathrine H.S. Skarsholt

Med kunstverk frå samlinga av:
Engel Astrup, Nikolai Astrup, Bodil Fleischer, Peter Wilhelm Johannsen, Eugen Pettersen, Johann Sunde, Kristian Tysken .

Utstillingar gjennom åra