Talande Ting
Hans Gjesme, "Stilleben", ant. 1920-tal, GJS-00464 © Hans Gjesme/BONO. Foto: SFKM.
17. juni - september 2022. Stilleben og kunsthandverk frå samlingane.

Om utstillinga

Om du eig meir enn sju ting, eig tinga deg.

Antakeleg Lao Tzu (500 f. Kr.)

I årets utstilling i Sogn Kunstsenter syner vi fram stilleben, interiør og kunsthandverk frå Gjesmesamlinga, Eikaassamlinga, Astrupsamlinga og samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dei fleste verka skildrar ting, medan andre er ting. Det er verk i så ulike teknikkar som assemblage, collage, design, fotografi, glas, grafikk, installasjon, keramikk, metall, maleri, pastell og teikning, alle frå perioden 1900 til 2019.

I det moderne forbrukarsamfunnet fløymast vi over av ting. Kva tyder desse tinga for oss? Kva ved dei fasinerer oss? Er det kva mennesket evnar å lage – sjølve handverket? Historia som ligg i dei? Eller kva dei fortel om oss? Ser ein på Instagram, Pinterest og bloggar så bognar det av vår tids «stilleben»; fotografi av kva folk har i heimane sine og ting dei elles er opptekne av eller ønskjer seg. Og det utan å søke på bilete med emneknaggen #stilllife (over 4 191 000), #stilleben (over 87 000) eller #naturemorte (over 165 000) på Instagram. Bileta vanlege folk legg ut av tinga sine krev mykje arbeid med utval, komposisjon og lys. Alt handlar om å arrangere og dandere tinga på stilegast mogleg måte, og slik få tinga til å seie bra ting om oss sjølve. Dei skapar «imaget» vårt: «Dette er tinga mine, slik er eg!»

Korleis har kunstnarane, som Hans Gjesme (1904-1994), teke stilling til tinga dei skildrar/lagar? Kva skildrar/lagar dei og korfor? Kva ønskjer dei å formidle? Korleis er medvitet kring bruken av stillebensjangeren i dei todimensjonale verka? Er skildringa av ting på 1900-talet berre eit utgangspunkt for formale eksperiment for kunstnarane, eller legg dei meir i det? Kunstnarar heilt opp til vår eiga tid, slik som Maria Brinch (1984) med røter frå Lærdal,  interesserer seg framleis for å skildre og skape ting, og vidarefører og fornyar med det ein lang tradisjon med sine nye innfallsvinklar. ­

Kurator: Ingrid Norum
Montering: Berhanu Mekonen, Ingrid Norum, Stein Sandemose Baardsen og Tor Martin Leknes
Lyssetting: Berhanu Mekonen
Omsetting: Francesca Nichols (og I. Norum)

If you own more than seven things, the things own you.

Probably Lao Tzu (6th century BC)

In this year’s exhibition at Sogn Kunstsenter, we showcase still life, interiors and handicrafts from the Gjesme Collection, Eikaass Collection, Astrup Collection, and the collection at Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Most works depict things, while others are things. There are works in such different techniques as assemblage, collage, design, photography, glass, graphics, installation, ceramics, metal, painting, pastel and drawing, all from the period 1900 to 2019.

In our modern consumer society we are inundated with things. What significance do these things have for us? What is it about them that fascinate us? Is it what humans are capable of creating – the craftsmanship itself? The story they embody? Or what they tell us? If we look at Instagram, Pinterest and blogs, they are overflowing with the “still lifes” of our times; photographs of what people have in their homes and things they are preoccupied with, or desire. And this even without using the hashtag #still life (more than 4 191 000) #stilleben (more than 87 000) or #naturemorte (more than 165 000) on Instagram. The pictures ordinary people post of their belongings require a great deal of effort when it comes to selection, composition and lighting. It is all about arranging and displaying the things in the most stylish way possible, in order to make a good impression of ourselves. They serve to create our “image”. “These are my things, this is who I am!”

How did artists, like Hans Gjesme (1904-1994), take a stand on the things they depict/create? What do they render/create and why? What do they want to convey? How is the awareness of the use of the still life genre in the two-dimensional works? Is the depiction of things in the 20th century just a starting point for formal experiments for the artists, or do they put more into it? Artists all the way up to our own time, such as Maria Brinch (1984), with roots from Lærdal, are increasingly interested in depicting and creating things, and continue and renew a long tradition with their new approaches.

Curator: Ingrid Norum
Installation: Berhanu Mekonen, Ingrid Norum, Stein Sandemose Baardsen, and Tor Martin Leknes
Lighting: Berhanu Mekonen
Translation: Francesca Nichols (and I. Norum)

Med kunstverk frå samlinga av:
Oddleiv Apneseth, Nikolai Astrup, Ingunn Bakke, Alexandre Bau, Reidun Færøy Bergstrøm, Wenche Bjørkan, Maria Brinch, Harry Botn, Karen Disen, Tomasz Domanski, Lisbet Dæhlin, Snøfrid Hunsbedt Eiene, Ludvig Eikaas, Karen Erland, Odd og Kari Gjerstad, Hans Gjesme, Rolf Hansen, Erick Stanley Hanson, Elisa Helland-Hansen, Brite Hindal, Tor Hvamen, Ole Jakob Ihlebæk, Magni Jensen, Ji Hyun-A, Sten Magne Klann, Karen Klim, Vidar Koksvik, Torbjørn Kvasbø, Per K. Lefdal, Elisabeth Mathisen, Jussi Ojala, Adriana Popescu og Lise Schønberg, Kirsti Prøis, Ralston & Bau, Odd Sama, Kjartan Slettemark, Tone Storevik, Ove Svele, Kjersti Teigen, Ann Beate Tempelhaug, Svein Thingnes, Marit Thingnæs, Kari Ulleberg, Grethe Unstad, Jørleif Uthaug, Olav K. Vaagen, Elisabeth Østby-Deglum, Kirsten Øverås og Arne Åse. 

Utstillingar gjennom åra