Guri Guri Henriksen – Det som blei igjen
Guri Guri Henriksen, "Det som ble igjen", 2019-2022 © Guri Guri Henriksen/BONO. Foto: G.G. Henriksen.
28. mai - 28. august 2022

Om utstillinga

Utstillinga viser ei verd der ein vandrar mellom høge, svarte papirarbeid. Papirkutta tek utgangspunkt i anatomiske trykk og plansjar. Verka er forma med ein forvitenskap for visuelle strukturar av kropp, men utan attgjeving av systema. Den rasjonelle kroppen frå medisinske plansjar vert teke frå kvarande i formar og lag.

Guri Guri Henriksen teiknar med kniv. Installasjonen tar utgangspunkt i musklar, vener, lymfer, og kroppen sine skjulte former. Abstrakte figurar og mønster oppstår i denne prosessen. Både lyssetting og dei omfangsrike skuggane frå dei detaljerte verka, i samspel med publikum sine skuggar på veggane, er vesentlege for utstillinga.

Kvart flak har ein strukturell logikk, og er ein del av ein rytme med lengder som repeterast i rommet. Henriksen skaper ei eiga verd – eit skuggespel, noko som ligg nær opptil ein scenografi eller ei biletbok der ein kan gå inn og kvar side har rørsle, ei grokraft.

Guri Guri Henriksen (1969, Oslo) er utdanna ved Kunstakademiet i Paris. I 2014/15 samarbeidde ho med teaterregissør og dramatikar Anne-Mali Sæther frå Animalske produksjonar og skodespelar Henriette Blakstad (Grusomhetens teater). Sidan har Henriksen òg skapa scenografi til skuggespelproduksjonar. Parallelt har ho utvikla eige kunstverk/papirkutt. Arbeida hennar har vore vist på internasjonale kortfilmfestivalar, på Tegnebiennalen, Austlandsutstillinga, Vestlandsutstillinga og Tegnerforbundet. I 2005/06 var Henriksen med på ei gruppeutstilling som reiste i Noreg med Riksutstillingene, deriblant til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Hausten 2020 hadde ho separatutstilling med papirkutt på Nesodden kunstforeining.

//

This exhibition shows a world where one walks between tall, black paperwork. The paper cut outs are based on anatomical prints and planar sheets. The works are shaped with a knowledge of visual structures of the body, but without the renditions of systems. The rational body from medical plans is broken up in forms and layers.

Guri Guri Henriksen draws with a knife. The installation is based on muscles, veins, lymph, and the body’s hidden shapes. Abstract figures and patterns arise in this process. Both the lighting and the extensive shadows from the detailed works, in interaction with the audience’s shadows on the walls, are essential for the exhibition.

Every paper flake has a structural logic, and is part of a rhythm with lengths that are repeated in the room. Henriksen creates her own world – a shadow play, something that is similar to scenography or a picture book where one can step into a world and every page has movement, a force of growth.

Guri Guri Henriksen (1969, Oslo) is a graduate of the Académie des Beaux-Arts in Paris. In 2014/15, she collaborated with theater director and playwright Anne-Mali Sæther from Animalske Produksjoner and actress Henriette Blakstad (Theater of Cruelty). Since then, Henriksen has also created scenography for shadow play productions. Simultaneously, she has developed her own works of art/paper cuts. Her work has been shown at international short film festivals, at the Tegnebiennalen, Austlandsutstillinga, Vestlandsutstillinga and Tegnerforbundet. In 2005/06, Henriksen participated in a group exhibition that toured Norway with Riksutstillingen, including to Sogn og Fjordane Art Museum. In the autumn of 2020, she had a separate exhibition with paper cuts at the Nesodden Kunstforening.

Utstillinga er ein del av kunstsenterfunksjonane som blir ivaretatt av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Med støtte frå:

Utstillingar gjennom åra

28. mai - 28. august 2022
Guri Guri Henriksen, "Det som ble igjen", 2019-2022 © Guri Guri Henriksen/BONO. Foto: G.G. Henriksen.

Om utstillinga

Infotekst her.

Utstillinga er ein del av kunstsenterfunksjonane som blir ivaretatt av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Utstillingar gjennom åra