Mottakaren av BKH-stipendet for 2021

Heimvend Seljeværing får 100.000 i kunststøtte.

Bjørn Venø er mottakar av Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt produksjonsstipend 2021 på kr 100 000 med midlar frå Bildende Kunstneres Hjelpefond.

Kunstfagleg råd ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum gjorde i møte 17.11.2021 einstemmig vedtak om å innstille biletkunstnar Bjørn Venø til det regionale BKH-stipendet 2021 på kr 100.000. Styret for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane slutta seg til innstillinga i styremøte onsdag 15. desember.

Rådet har lagt vekt på at kunstnaren har tilknyting til Sogn og Fjordane og at prosjektet skal gjennomførast her. Kunstnar har nyleg returnert til oppvekststaden på Selje for å halde fram med karriera. Mottakar av stipendet arbeider med både bokproduksjon, performance, videoinstallasjon og fotokunst. Alt saman har forgreining til prosjektet «Arthemist» og kunstnaren søkjer stipendet for å realisere bok og produksjon av fotomateriale. Prosjektet sin allsidige karakter, og kunstnarens bruk av både lokale gjenstandar og kulissar, gjer at rådet ynskjer løfte prosjektet slik at kunstnar kan få det realisert. Det er også svært gledeleg med kunstnarar som ynskjer etablere seg på nytt i regiona, etter å ha budd vekke i mange år. Rådet gjorde eit samrøystes vedtak.

BKH regionale tildelingar

Stipendet «Delegerte tildelingar» frå Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) har som formål å styrke det regionale kunstfeltet knytt til kunstsentera si verksemd. Kunstsenter som er slutta til Kunstsentrene i Norge (KiN) kan søke om midlar til eigne stipend eller prosjektstøtteordningar.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ivaretar kunstsenterfunksjonane i nordfylket. 

Kontaktpersonar

Bjørn Venø
info@bjornveno.com
www.bjornveno.com/

 

Tor Martin Leknes
Avd.dir. kunst | Musea i Sogn og Fjordane
torlek@misf.no | 466 93 897