Sebastian Mügge – Someone’s Gotta Draw the Line Somewhere in Sogn og Fjordane!
Sebastian Mügge, prosessbilde frå Ebelingmuseet © Sebastian Mügge/BONO. Foto: Sebastian Mügge.
17. februar - 15. mai 2022

Om utstillinga

I utstillinga Someone’s Gotta Draw the Line Somewhere in Sogn og Fjordane! undersøker Sebastian Mügge Sogn og Fjordane si skiftande identitet i eit notidig og historisk perspektiv. Grunntanken med utstillinga er å lage eit fantasifullt tidsdokument direkte på vegg, som skildrar ein regional identitet i endring. Mügge freistar å inspirere til moglegheiter rundt materialet som utgjer Sogn og Fjordane. Mügge stiller spørsmål som: kva er viktig og relevant å dele? Korleis kommuniserer vi med andre? Korleis påverkar notida framtida? Korleis kan regionen sin identitet formast av kunstnariske midlar?

Sebastian Mügge (f. 1981, Bonn, Tyskland) vart uteksaminert frå Kunsthøgskolen i Umeå i 2011. Han bor no i Kristianstad i Sverige. Mügge arbeider med storskala skulpturelle installasjonar og eksperimentell teikning. Prosjekta resulterer i nøyaktig utarbeidde stadsspesifikke verk, der kaos og orden er to avgjerande ingrediensar. Karakterar vever ofte samen historiske hendingar med notida. Problemstillingar som identitet og korleis konfliktar eller krisar påverkar kvardagen vår blir undersøkt med lekne og humoristiske linjer.
www.sebastianmuegge.com

Kurator: Sebastian Mügge

//

In Someone’s Gotta Draw the Line Somewhere in Sogn og Fjordane! Sebastian Mügge examines the changing identity of Sogn and Fjordane in a contemporary and historical perspective. The basic idea is to create an imaginative time document directly on the wall, which depicts a changing regional identity. Mügge tries to inspire others to relate to the material that is Sogn and Fjordane. Mügge asks questions such as: what is important and relevant to share? How do we communicate with others? How does the present affect the future? How can this region’s identity be shaped by artistic means?

Sebastian Mügge (b. 1981, Bonn, Germany) graduated from Umeå Academy of Fine Arts in 2011. He is currently living in Kristianstad, Sweden. Mügge works with large-scale sculptural installations and experimental drawing. The projects result in precisely prepared site-specific works, where chaos and order are two crucial ingredients. Characters often weave together historical events with the present. Issues such as identity and how conflicts or crises affect our everyday lives are examined with a playful and humorous touch.
www.sebastianmuegge.com

Curator: Sebastian Mügge

Utstillinga er ein del av kunstsenterfunksjonane som blir ivaretatt av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Utstillingar gjennom åra