Dei ekstraordinære – nye verk i samlinga frå 2021
Kay Arne Kirkebø, utsnitt av "Lovpris Sola", 2019, SFKM-002156 © Kay Arne Kirkebø/BONO. Foto: Kay Arne Kirkebø.
4. februar - 31. juli 2022

Om utstillinga

I 2020–2021 fekk Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) tildelt 5 millionar kroner frå Kulturdepartementet i ekstraordinære tilskot til kunstinnkjøp. Det svarar til om lag 17 år med ordinære innkjøpsbudsjett for museet. Bakgrunnen for tildelingane var å stimulere til framleis skapande kunstnarleg aktivitet blant dei norske kunstnarane og å oppretthalde drifta av galleria under Covid-19-pandemien.

Midlane har vore øyremerkt innkjøp av kunst av nolevande kunstnarar busett i Noreg, og dei har gjeve SFKM eit sjeldan høve til å utvikle samlinga. Museet sitt hovudmål har vore å spegle mangfaldet av kunstnarar i Noreg. Kunstverka er valt for å fremje ein brei representasjon og for å løfte fram underkommuniserte historier i samfunnet.

//

In 2020–2021, Sogn og Fjordane Art Museum (SFKM)
received 5 million Norwegian kroner from the Ministry of Culture, due to the Covid-19-pandemic. The endowment was given in extraordinary grants for art purchases. This corresponds to roughly 17 years of ordinary purchasing budgets for the museum. SFKM was supported to stimulate artistic activity among Norwegian artists and to maintain the business of the galleries during the Covid-19 pandemic.

The funds have been designated the purchase of art by contemporary artists living in Norway. This endowment has given SFKM a rare opportunity to develop the collection. The museum’s main goal has been to reflect the diversity of artists in Norway. The chosen artworks  promote a broad representation and highlight less  visible stories in society.

Kurator: Ingrid Norum

Med kunstverk frå samlinga av Eli Mai Huang Nesse, Yola Marie Tsolis, Kwestan Jamal Bawan, Simone Hooymans, Hans Hamid Rasmussen, Ahmed Umar, Apichaya Wanthiang, Trine Hovden, Heidi Bjørgan, Kristina D. Aas, Lars Korff Lofthus, Rebecca Jafari, Aud Marit Skarrebo Holmen, Vibeke Tandberg, Lill-ann Chepstow-lusty, Jone Skjensvold, Ragna Misvær Grønstad, Linda Morell, Audgunn Naustdal Holsen, Karen Helga Maurstig, Gerd Endestad, Susanna Kajermo, Karoline Hjort, Riitta Ikonen, Anne Tveit Knutsen, Kay Arne Kirkebø, Zdenka Rusova, Turid Haye, Sofie Berntsen, Pearla Pigao, Kent Fonn Skåre, Cato Løland, Lin Wang, Vilde Salhus Røed, Magnhild Øen Nordahl, Julie Ebbing, Ane Graff, Hilde Honerud, Kamilla Langeland, Cecilia Jonsson, Brit Fuglevaag, Anne-lise Stenseth, Elisabeth Steen, Aud Marit Skarrebo Holmen.

Utstillingar gjennom åra