HEKT – tekstilkunst frå samlinga
Foto av opptog i Førde med fargerik tekstil
Foto frå Elsebet Rahlff sitt arkiv. Miljøkunst '89, 1989. Elsebet Rahlff, "Bedekningstekstil", 1989, SFKM-002167 © Elsebet Rahlff/BONO.
Ny samlingsutstilling frå 9. desember 2021

Om utstillinga

Sogn og Fjordane Kunstmuseum si nye samlingsutstilling syner fram tekstilkunsten i samlinga. Kvifor har vi kunstverk i samlinga som ikkje har vore vist fram på 30 år, og som no står fram som våre viktigaste skattar?

Vi veit ikkje sikkert kvifor Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ei av dei sterkaste tekstilkunstsamlingane i Noreg. Mykje er samla inn frå miljøet rundt Heimeyrkeskulen på Jøster; eit tidleg kraftsenter for norsk tekstiluknst på 1970-talet. Frå lærarane sine eigne prosjekt, men òg frå elevar som sidan vart kunstnarar i sin eigen rett. Andre delar av samlinga kjem utanfrå, frå resten av Noreg. Nokon har tatt eit val om at det er hos oss kunstverka høyrer heime. Kanskje på grunn av dei lange tekstiltradisjonane i området?

I HEKT har vi hekta av all anna kunst, og berre latt tekstilen stå igjen. Den nye samlingsutstillinga er ei moglegheit til å sjå kunstverket «Hilsen til silkespinnerkskene i Bangladesh – Svanesong» av Elisabeth Haarr – nyleg tilbake frå innlån hos Festpillutstillinga i Bergen – og «Bedekningstil» laga av Elsebet Rahlff til Miljøkunst`89 i Førde i 1989. I utstillinga legg vi vekt på dei lokale tekstilkunsthistoriene og vi viser fram viktige verk frå samlinga av lokale kunstnarar som Astrid Myklebust, Astrid Wittersø, Audgunn Naustdal Holsen, Britt Smelvær og Marius Moldvær.

Dette er ei første oppreisning til ei oversett del av vår eiga samling – vi håper det kjem fleire.

 

Kurator: Eirin Mailund Svendsen
Kurator formidling: Kathrine H.S. Skarsholt

//

Sogn and Fjordane Art Museum’s new exhibition displays textile art from the collection. Why do we have works of art in the collection that have not been shown for 30 years, and are now standing out as our most important treasures?

We do not know for sure why Sogn and Fjordane Art Museum has one of the strongest collections of textile art in Norway. A lot has been collected from local textile artists. Many artworks stem from the teachers at the Vocational School in Jølster, but also from students, who have since become artists in their own right. Other parts
of the collection are from the rest of Norway. Someone has decided that it is with us the textile artworks belong. Perhaps because of the strong textile traditions in the area?

In HOOKED, we have unhooked all other art, and only kept the textile works. This new exhibition is an opportunity to see the artwork “Greetings to the silk spinnes in Bangladesh – Swan song” by Elisabeth Haarr – recently returned from borrowing at the Festival Exhibition in Bergen – and “Bedekningstekstilen” made by Elsebet Rahlff for Miljøkunst`89 in Førde in 1989. In the exhibition we emphasize the local textile art stories and we show  important works from the collection of local artists such as Astrid Myklebust, Astrid Wittersø, Audgunn Naustdal Holsen, Britt Smelvær and Marius Moldvær.

This is a first attempt of redeeming an ignored part of our own collection, and we hope there will be more to come.

Curator: Eirin Mailund Svendsen
Curator education: Kathrine H.S. Skarsholt

Med kunstverk frå samlinga av: Astrid Myklebust, Elsa Eikaas, Elisabeth Haarr, Tove Pedersen, Astrid Wittersø, Britt Smelvær, Agnes Guttormsgaard, Sissel Calmeyer, Ingunn Bakke, Kjellaug Haugen Holter, Sarah Vajira Lindström, Janne Nes, Hanna Roloff, Kjartan Slettemark, Elsebet Rahlff, Kari Dyrdal, Unn Sønju, Audgunn Naustdal Holsen, Karina Siegmund, Brit Fuglevaag, Marius Moldvær, Wenche Kvalstad Eckhoff, Sidsel Moe, Søren Krag, Anne Aanerud

Utstillingar gjennom åra