Birgit Eide – Fallande himmel
Birgit Eide, 2020, Stillhet, detalj © Birgit Eide/BONO. Foto: Birgit Eide.
09. oktober 2021 - 09. januar 2022

Om utstillinga


Eit grunnleggande tema i kunsten til Birgit Eide er det komplekse tilhøvet mellom religiøs autoritet og personleg identitet. Tydeleg til stades i arbeida hennar er ei stille undring; det estetiske og sarte i kontrast mot det såre og brutale.

Dei fleste arbeida i Fallande himmel er laga spesielt for utstillinga i Høgsalen. Her er handlaga dukar, broderi av kyrkjer og brukte biblar; alle kjøpt i gjenbruksbutikkar og på nettet og nytta på høgst ulikt vis. Mange av tekstilane og objekta i kunstverka hennar, heklar og broderer ho sjølv. Fleire av verka er fylt med makulerte biblar.

Birgit Eide jobbar konseptuelt og personleg, og ho fortel historier. Eigne opplevingar og erfaringar, men også det allmennmenneskelege, står sentralt. Å setje spor i menneske, å gje dei ettertanke, er eitt av måla i kunsten hennar.

Kva hendene til kvinner kan skape, både hennar eigne og andre sine, har fascinert Birgit Eide heilt frå ho var barn. Kunnskapen om tekstilt handverk, tida som vert brukt på dette, og å vera knytt til tidlegare generasjonar har gått i arv.

Birgit Eide (f. 1960, oppvaksen i Porsgrunn) er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho bur og arbeider i Bergen. Sidan 1989 har ho stilt ut separat, i grupper og kollektivt. Ho har motteke ei rekke ulike stipend, mellom anna 3-årige arbeidsstipend i to ulike omgangar. Eide har også offentlege utsmykkingar i Trøndelag og Bergen.



A fundamental theme in Birgit Eide’s art is the complex relationship between religious authority and personal identity. Clearly present in her work is a silent wonder; the aesthetic and delicate in contrast to the woeful and brutal.

A number of the artworks in Fallande himmel is made especially for the exhibition in Høgsalen. Handmade tablecloths, embroidery of churches and used Bibles can be found; all bought in second-hand shops and online and used in very different ways. She crochets and embroiders many of the textiles and objects in her artworks herself. Several of the works are filled with shredded Bible pages.

Eide works conceptually and personally, and she tells stories. Our private experiences and existence, but also the general human experience, are central. Leaving a mark in people, providing a chance for reflection, is one goal of her art.

What the hands of women can create, both her own and others’, has fascinated Eide ever since she was a child. The knowledge of textile crafts, the time spent on this, and being connected to previous generations has been inherited.

Birgit Eide (b. 1960, grew up in Porsgrunn) is a graduate of the Bergen Academy of the Arts. She lives and works in Bergen. Since 1989, she has exhibited, separately, in groups, and collectively. She has received several different scholarships, including 3-year work scholarship in two different rounds. Eide is also the artist behind public artworks in Trøndelag and Bergen.



Utstillinga er ein del av kunstsenterfunksjonane som blir ivaretatt av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Støttespelarar til utstillinga er

Utstillingar gjennom åra