Sesongopning av Sogn kunstsenter
Kunstverk i papir av Gabriella Göransson
Gabriella Göransson, "Mare Nostrum". © Gabriella Göransson/ BONO.

Nyhende

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ønskjer velkomen til sesongopning av Sogn Kunstsenter 18. juni kl 15! Avdelingsdirektør for kunst, Tor Martin Leknes, opnar Sogn Kunstsenter for sesongen med kulturkonsulent/biblioteksjef i Lærdal, Guro Nesse. I tillegg held vi ein omvising kl. 16.
I sommersesongen 2021 syner vi to utstillingar:
 
I Høgsalen syner vi Anne Kari Amsteins og Gabriella Göranssons “Møt ein Korall og Tribus”. Begge kunstnarar har over lang tid utforska papir som medium, ofte med ein handverksmessig tilnærming til materialet. Papiret er bretta, forma og vevd saman. Den kunstnariske tilnærminga ligg nær handarbeidet og tekstile arbeidsmetodar. Verka spring ut av ei undring over dei kontinuerlege prosessane ein finn i naturen. Nokre gongar vert naturendringar til ein vekstprosess, mens ho i andre fall kjem til syne som nedbryting.
 
I samarbeidsprosjektet er papiret brukt i alle sine formar. I verka er rørsla, styrka og skjørheita i papiret utforska. Frå kvar sin ståstad har kunstnarane nærma seg båe materialet og tematikken med eit håp om at dei saman kan skape ein felles påminning om sårbarheit og styrke i livet.
I dei låge salane finner du Hans Gjesme med gjestar, i utstillinga “Kroppsfokus”. Her kan du sjå verk med kroppen i fokus av Hans Gjesme, Nikolai Astrup, Bernt Tunold, Knut Rumohr, Ludvig Eikaas, Malvin Berqvam, Bjørn Hegranes og Otto Carlsund, frå kunstsamlingane forvalta av Musea i Sogn og Fjordane. Desse kunstnarane vart fødd mellom 1877 og 1926 og var alle menn. Verka fell i hovudsak inn under dei tradisjonelle kategoriane grafikk, maleri, teikning, og skulptur og er laga i perioden 1899-1989.
 
Dei fleste av Gjesme sine aktmaleri har lege som uoppspente lerret og har difor aldri vore synt fram før. Desse har no vorte spent opp på blindramme, konservert og ramma inn. Ingen av desse kunstnarane hadde akt eller kroppsskildringar som sitt hovudmotiv gjennom kunstnarskapet, men alle var dei innom det, anten i studiesamanheng eller på eige initiativ.

Kunstsenteret følgjer gjeldande smittevernreglar.