Karikatur og kommentar
Ein blyant knekt i to. Nye blyantar gror opp frå der blyanten er knokke.
Egil Nyhus, «Ytringsfrihet», 2015. © Egil Nyhus / BONO.
04.juni 2021 - 31. oktober 2021

Om utstillinga

Ein kan le med det eine auge og gråte med det hitt, for humoren er til for alvoret si skuld.

Ei utstilling av karikatur- og kommentarbilete frå nolevande og produserande norske avisteiknarar opnar 4.juni i 2.etasje på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. I tillegg viser vi karikaturen som sjanger i eit historisk perspektiv på skjerm.

I denne utstillinga syner vi arbeid som gjev kommentarar til hendingar og tilstandar i si eige notid. Karikatur og kommentar er gamalt og har truleg funnest frå fyrste strek i sanden. Tilfanget av bilete er stort. Kva vi syner er uendeleg lite, men nok til at ein kan feste ein tanke til det.

Vi byr dykk eit lite gløtt gjennom historia sitt nyklehol. Det gamle held vi på skjerm, men dei nye eller notidige syner vi i glas og ramme. Her er arbeid frå teiknarar de møter i pressa – både nasjonalt og lokalt.

Satire og karikatur er ikkje bere til moro meint. Ein kan le med eine auga og gråte med hitt. Er ikkje humoren til for alvoret si skuld? Satire og humor er òg slik at den har vore brukt gjennom tidene til godt som til vondt. Vi freistar syne lit av båe. Noko kan vi lære av historia, men ein kan ikkje lære utan å kjenne ho.

Utstillingar gjennom åra