Kroppsfokus – Hans Gjesme med gjestar
Naken kvinne målt bakfrå
Han Gjesme, "Akt", 1924. Hans Gjesme / BONO.
18. juni 2021 - 15. august 2021

Om utstillinga

På 400-talet før vår tidsrekning formulerte den greske filosofen Protagoras (485-415 fvt) setninga “Mennesket er alle tings målestokk”. Menneska har til alle tider vore opptekne av menneskekroppen, og allereie i slutten av eldre steinalder kan ein sjå aktframstillingar, som steinfiguren Venus frå Willendorf. I tidleg gresk kunst på 500-400-talet fvt. var det først og fremst den nakne atletiske mannskroppen som vart skildra. Litt seinare vart òg kvinner framstilt nakne, men det på ein meir estetisk-erotisk måte. Gjennom mellomalderen var det berre i religiøse motiv som «Adam og Eva» og «Dommedag» den nakne kroppen kunne skildrast. Med renessansen kom eit meir grundig og vitskapleg studie av det nakne, som hos Leonardo da Vinci (1452-1519), eller meir sensuelt prega som i Antonio da Correggio (1489-1534) sine måleri. Med skipinga av fleire kunstakademi utover på 1600-talet vart aktstudiet ein viktig del av kunstnarane si utdanning, noko det har vore sidan.

 

I denne utstillinga kan du sjå verk med kroppen i fokus av Hans Gjesme, Nikolai Astrup, Bernt Tunold, Knut Rumohr, Ludvig Eikaas, Malvin Berqvam, Bjørn Hegranes og Otto Carlsund, frå kunstsamlingane forvalta av Musea i Sogn og Fjordane. Desse kunstnarane vart fødd mellom 1877 og 1926 og var alle menn. Verka fell i hovudsak inn under dei tradisjonelle kategoriane grafikk, maleri, teikning, og skulptur og er laga i perioden 1899-1989. Dei fleste av Gjesme sine aktmaleri har lege som uoppspente lerret og har difor aldri vore synt fram før. Desse har no vorte spent opp på blindramme, konservert og ramma inn. Ingen av desse kunstnarane hadde akt eller kroppsskildringar som sitt hovudmotiv gjennom kunstnarskapet, men alle var dei innom det, anten i studiesamanheng eller på eige initiativ.

 

I boka «Eros i norsk kunst» hevdar kunsthistorikar Holger Kofoed at ein antierotisk trend prega det norske kunstlivet frå om lag 1900 til 1960. I mellomkrigstida sette nye moralistiske straumdrag ein stoppar for alle forsøk på framstilling av erotiske motiv. Kroppsskildringar var ikkje lett omsettelege og det erotiske var meir eller mindre fråverande i kunsten. Dei få mellomkrigskunstnarane som arbeidde med akt, gjorde den til eit «reint» objekt. Ein ønskte å sjå akta, og då særleg kvinna, som eit uttrykk for venleik og dei evige verdiar. Ingen av kunstnarane vi syner fram her bryt med denne tilnærminga. I staden for å late objektet møte tilskodaren sitt blikk, vert modellane framstilt som passive objekt til tilskodaren sin disposisjon. I etterkrigstida skydde mange av modernistane akta, då den var knytt til den tradisjonelle teikneundervisinga ved kunstskular og -akademi, og då dei arbeidde med formale problemstillingar som form, farge, rom og line i eit meir og meir abstrakt og non-figurativt uttrykk. Rumohr arbeidde med abstraherte motiv frå røynda på 1940-talet, men gjekk sidan over til eit heilt non-figurativt formspråk. Eikaas var innom det non-figurative, men landa i eit abstrahert uttrykk som ga han moglegheita til å arbeide òg i tradisjonelle sjangrar som portrett og akt.

 

Ei akt er ei studie av anatomi, proporsjonar, balanse, farge, volum, omriss, lys og skugge. Aktene handlar ikkje om ein situasjon, eit portrettert enkeltindivid eller alltid om erotikk, men om eit behov for å studere menneskekroppen for å kunne framstille den riktig både med og utan kle. For dei representerte kunstnarane, som i kunstverda generelt, utgjer kvinnekroppen hovudmotivet i aktgenren. Kvinna som eit objekt for det mannlege (kunstnar)blikket. Men nokre mannskildringar er òg med gjennom verk av Astrup, Gjesme og EikaasEit anna kroppsmotiv i kunsthistoria, er den naturlege kroppen i badescener/ i naturen, som hos Berqvam, Hegranes og Gjesme, og kroppen som allegori, som i Hegranes si etsing. Det at kunstnarane opp gjennom tidene har avbilda menneske som badar i det fri, kan tyde på at det har vore eit legitimt høve til å studere og skildre, den nakne menneskekroppen, utanfor studiesamanhengen.

 

Kurator: Ingrid Norum, SFKM, MISF

Utstillingar gjennom åra