Mend the world tablecloth

  • by

I ei verd med enormt overforbruk er vi iferd med å øydelegge vårt eige livsgrunnlag. Det har aldri vore meir naudsynt å reparere enn det er i dag!

Duken samlar menneske frå ulike kulturar og land som er opptekne av reparasjon og handsaum, laga på initiativ frå Niels W. Lund og tekstilkunstnar Eline Medbøe. Begge er lidenskapeleg opptekne av å reparere klede og tekstilar. Etter å ha fulgt kvarandre over fleire år på Instagram, møtte dei kvarandre sommaren 2019. Niels kom frå Danmark for å besøke Eline i Oslo. Han hadde med seg ein handsydd lapp, som vart den første lappen i duken. Så langt er duken sett saman av 45 lappar frå ulike deler av verda.

Du må gjerne bidra med ein eigen, handsydd lapp til duken. Den kan leverast samen med nokre ord om kva reparasjon/handsaum tyder for deg.