The act of mending – Clothes Encounter

  • by

Erika

To linskjorter har gått i arv i fire generasjoner. Lina har blitt dyrka på familiegarden på Nesteng der Erika bur i dag. Eline har forsterka og omforma skjortene, ved å sy dei samen med handsting til ei skjorte.

Frå Erika
Lina er dyrka på garden, og skjorta er laga av enten Ellen (tippoldemora mi) eller Henriette (oldemora mi, kalla Jetta). Mest sannsynlig har Jetta laga han. Det var Martin (tippoldefaren min) og Ellen som starta etableringa av garden Nesteng, som i utgangspunktet berre var eit beiteområde. Eg reknar med at dei brukte det meste av kreftane på å få opp hovudhuset (gamlehuset) og fjøset, samt dyrke mat. Det er jo også sannsynleg at dei starta å dyrke lin.

 

Skjortene er, i følge Turid (mor mi), brukt av Jetta, og tatt vare på av Olga (bestemora mi), som flytta heim og stelte foreldra, da dei ble gamle og skralle. Det er mulig Olga også brukte dei sjølv (størrelsen tilseier at skjortene passa henne). Olga ga dei så til mor mi, som var altfor barmfager til at ho kunne bruke dei. Ho ga dei til meg, med en del anna heimelaga, gamalt tøy, da eg var rundt 12 år. Eg husker eg brukte eit gamalt liv og heimestrikka trøyer med silkeband over skuldrene til det bare var fillene igjen.

 

Blusen har eg bere brukt ein gong. Eg var nok for breiskuldra allereie da eg fikk skjortene, og dei var så korte, noe eg ikkje var komfortabel med. Men eg tok vare på dei, både fordi dei var så fine og på grunn av familiehistoria. Eg tenkte at eg kanskje fikk born som kunne bruke dei. Til slutt fikk eg to guter. Kine, storesøstera deira var langlemma og slank, ikkje liten og stutt, som blusen er laga for.

 

Plagga er verkeleg laga frå botn. Det at dei er tynnslitt og tatt vare på gir dei ein ekstra verdi for meg. Dei har også mange vakre detaljer, noko formødrene mine som har laga. Det gjer meg audmjuk. Eg føler vel man nærmast er forplikta til å ta vare på og finne bruk for slike ting, som noen før deg har lagt så mykje arbeid og omsorg i å lage og ta vare på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *