Eline Medbøe – The act of mending
24. april 2021 - 20. juni 2021

Om utstillinga

Mending tyder bøting på norsk.
Omgrepet har vore brukt om reparasjonar som lapping og stopping.
For meg er dette ei handling som går ut på å erkjenne skada.
Å ha respekt for det som har ført til slitasje og skade.
Målet er ikkje å skjule, det er å forsterke og styrke det slitne området.
Som eit arr ein er stolt av å bere.

I utstillinga syner vi tre seriar av Eline Medbøe, som tek for seg dei etiske og meditative aspekta ved handarbeid. Kva for ein økonomi og  eit samfunn legg vi opp til om vi ikkje lagar om eller reparerer tekstila våre? Medbøe si handling om å sy slik at skaden er tilstade som ein del av plagget, kan synest å vise til det poetiske ved å reparere.

Eline Medbøe (f. 1974) er utdanna ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole ved institutt for tekstil. Tidlegare utstillingar omfattar blant anna SOFT Galleri (2021), Sarpsborg Kunstforeining (2018), og Galleri Briskeby (2017). I tillegg starta Medbøe i 2015 den frivillige organisasjonen RELOVE, der ho held kurs i redesign, kreativt gjenbruk, og reparasjon av kler for barn og unge.

Utstillinga er mogleggjort gjennom BKSF / NKVN Kunstsenterefunksjonen

Utstillingar gjennom åra