Ekstraordinære innkjøp i 2020
Kunstverket "The Frisbee Perspective" av Magnhild Øen Nordahl. Fem stålskulpturar av blå frisbeeplater på stålstenger.
Illustrasjon: Magnhild Øen Nordahl, "The Frisbee Perspective", 2018 © Magnhild Øen Nordahl / BONO. Foto: Maya Økland/Vestlandsutstillingen

Nyhende

No kan vi endeleg sleppe lista for ekstraordinære innkjøp i 2020! I 2020 vedtok Kulturdepartementet å løyve to millionar i tilleggstilskot til innkjøp i kunstmusea i Noreg. Målet var å støtte norske kunstnarar og gallerier gjennom pandemien. Eit innkjøpsutval ved Musea i Sogn og Fjordane, oppnemnd av administrerande direktør, har hatt ansvar for innkjøpa.

I tilskotsbrevet frå Kulturdepartementet står det at midla er øyremerka innkjøp av samtidskunst. Vi har ønskt å treffe breitt, og mangfald av kunstnarlege uttrykk både frå etablerte og yngre kunstnarar har vore styrande.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ei samling på om lag 1200 verk med hovudvekt frå 1970-talet til i dag. Vi har mykje tekstil- og materialkunst, og ein kjønnsbalanse på 50,4 prosent kvinnelege kunstnarar og 49,6 prosent mannlege. Lista over innkjøp representerer ei vidareføring av hovudlinjene i samlinga. Samtidig er det òg ei styrking av nokre av dei kvinnelege kunstnarane vi har i samlinga frå før, eit ønske om støre grad av mangfald i samlinga, og ei innsamling med eit ekstra auge på kva som skjer hos kunstnarane med tilknyting til Sogn og Fjordane og Vestlandet.

Her er lista over innkjøpa, og og pressemeldinga finn du her

  • Kristina Aas: Unweaving II
  • Ingunn Bakke: «Tøyskulpturer» og «Pleksiglass x 20» Sandesamlingen 1969,
  • Sofie Berntsen: The crossing of rubicon og Historien om D’Alexanndre le Grand
  • Maria Brinch: Stay Safe On Iron III
  • Gerd Endestad: Opp og Sprengt
  • Kent Fonn Skåre: Jumbo
  • Elisabeth Haarr: Spottekrune
  • Turid Haye: Hvit søyle
  • Eli Mai Huang Nesse: I’m starting to forget my grandparents name
  • Søren Krag: Deux Mille Fleurs
  • Sarah Lindström: Sottobosco I, II og IV
  • Lars Korff Lofthus: Utan tittel (krunebrur)
  • Cato Løland: Vev II
  • Karen Helga Maurstig: Rekved
  • Ragna Misvær Grønstad: «Saltvannsblomst #11 Chimamanda Ngozi Adichie» og «Saltvannsblomst #15 Virginia Woolf»
  • Linda Morell: Amygdala og Balsam
  • Audgunn Naustdal Holsen: Dans 1-4 og Oppsamling
  • Janne Nes: Gul/sort
  • Pearla Pigao: Different kinds Of water IIIII
  • Hans Hamid Rasmussen: Kasbah Walking 7 og 14
  • Hanna Roloff: Citroner
  • Vilde Salhus Røed: After The Masters 1-3
  • Jone Skjensvold: True Colours 2
  • Anne-Lise Stenseth: Ljoske
  • Yola Maria Tsolis: Drammen II
  • Ahmed Umar: Would any of you like to eat a dead brothers flesh?
  • Lin Wang: «Do you eat dog» og Batsoup
  • Apichaya Wanthiang: The water came up to this line
  • Magnhild Øen Nordahl: The Frisbee Perspective

 

Tusen takk til Kulturdepartementet, kunstnarane, og galleria for ei unik moglegheit!