Mønstring 2021
Nærbilde av tekstilarbeid av Audgunn Naustdal Holsen.
© Audgunn Naustdal Holsen / BONO. Foto: Oddleiv Aspseth.
13.mars 2021 - 25.april 2021

Om utstillinga

Mønstring er medlemsutstillinga til dei to kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane: Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og Norske Kunsthandverkarar Vest-Norge, avdeling Sogn og Fjordane (NKVN). Sogn og Fjordane Kunstmuseum arrangerer utstillinga omlag kvart tredje år.

Utstillinga forandrar form kvar gong. Gjennom tidene har ho vore alt
frå ei juryert utstilling til eit friare samarbeidsprosjekt for kunstnarane
i det tidlegare fylket. Det som er vedvarande, er at alle kunstnarane i
medlemsorganisasjonane i Sogn og Fjordane skal med.

I år er utstillinga kuratert av Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Alle
medlemmer i BKSF og NKVN har kunna sende inn opp til tre kunstverk laga dei siste tre åra. Til saman 35 kunstnarar melde seg på utstillinga i 2021. Frå dette materialet har Sogn og Fjordane Kunstmuseum sett saman denne utstillinga. Til saman viser utvalet av verk eit tidsbilete på kunstscena i regionen åra 2018 til 2021.

I utstillinga har ikkje kvar enkelt kunstnar fått eit eige område. I staden får kunstverka overlappe og møte kvarandre. Det har vore eit ønske å la publikum få sjå mangfaldet av kunstnarar, tankar og ytringar som har vore laga av kunstnarane i regionen.

KURATOR: EIRIN MAILUND SVENDSEN, kurator hos SFKM.

Takk til Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Norske Kunsthandverkararar Vestland for godt samarbeid.

Utstillingar gjennom åra