Heidi Bjørgan og Trine Hovden – Collision
Keramikkarbeid av Heidi Bjørgan og Trine Hovden
© Heidi Bjørgan og Trine Hovden / BONO. Foto: Thor Brødreskift
13. februar 2021 - 11. april 2021

Om utstillinga

Kva skjer når to keramikarar med ulik ståstad og arbeidsmetodar «respektlaust» blandar seg i kvarandre sine arbeidsprosessar? Med «Collision» vil Heidi Bjørgan og Trine Hovden undersøkje nettopp det. Dei deler verkstad i Bergen, men dette er fyrste gong dei har samarbeidd om utforminga av både arbeid og utstilling.

Tittelen Collision atterspeglar den kunstnariske utviklinga som har funne stad. Idear har rørt ved kvarandre og arbeid har bytt hender. Hovden har teke føre seg Bjørgan sine velkjende krukkeformer og arbeidd med dei i tråd med sine eigne metodar. Bjørgan har nytta glasurkunnskapane sine og restar etter Hovden sin produksjon til å «forureine» både sine eigne og Hovden sine verk. I ein kollisjon vert rørsleenergi overført mellom kollisjonsobjekta, og det er eit godt bilete på kva kunstnarane har ynskt å få ut av dette samarbeidet. Prosessen har opna for både intuitive handlingar og kritisk analyse.
I utstillinga vert resultatet synt fram i ei rekkje tablå som til saman formar eit keramisk landskap.

Heidi Bjørgan (f. 1970) er utdanna keramikar og kurator frå
Kunsthøgskolen i Bergen. Ho er internasjonalt anerkjend for sine eksperimentelle og ekspressive former og teatrale installasjonar inspirert av teater- og filmskaparar som Peter Greenaway, David Lynch og Robert Wilson. I 2015 mottok ho staten sitt 10-årige arbeidsstipend for etablerte kunstnarar.

Trine Hovden (f. 1976) er utdanna keramikar frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho er ein pioner når det gjeld å kombinere fotografi og leirgods, og arbeider hovudsakleg med grafiske teknikkar både på flate og som skulptur og stadspesifikk installasjon. I 2017 mottok ho staten sitt
10-årige arbeidsstipend for etablerte kunstnarar.

Sjå og den parallelle utstillinga (med same tittel) hos Oppland Kunstsenter her.

Utstillingar gjennom åra