Fridtjov Urdal om Laksen
Bilete av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde

Sogn og Fjordane Kunstmuseum om Laksen

Om ikkje skulptøren Jørn Rønnau sitt verk «Laksen» i Førde er ein del av samlinga og såleis ligg utan for muset sit det formelle myndigheitsområdet vil likevel peike på at sidan «Laksen» er eit kunstverk i det ålmenne romet er det for oss utifrå eit fagleg ståstad naturleg å ha ei meining om kva lagnad både dette og andre liknande kunstverk verk har og får.

Ei forsnevring av område kring verket vil vere eit alvorleg skipling av det aller næraste miljøet kring skulpturen. Det ser vi som særs uheldig, av di dei ymse elementa er set i ein samanheng.

Ei flytting av skulpturen «Laksen» er ikkje rådd då ein i dette høve vil bryt med Lov om åndsverk. Ei flytting kan ikkje gjerast utan at heile idégrunnlaget vert skipla. Flytting og rekonstruksjon på ein stad der verke ikkje var tiltenkt tenkt og tilmåta. Om ein likevel freistar, er det ikkje lenger «Laksen» ein flyttar. I beste fall gjer ein  det då til eit anna verk.

Staden skulpturen ligg er ikkje vald på slump, skulptur og omgjevnader er utrykk for ein samlande kunstnarleg tanke. Fleire ting er her knytt i hop, lina i elvefare, fest-/utstillingsplassen og ikkje minst Førdehuset, det regionale kulturhuset. Skulpturen var og er, tenkt som ein del av denne heilskapen. Skulpturen er eit av dei største landskapskunstverk her til lands. Den er det største attståande minne om Miljøkunstveka 1989, såleis er den og eit historisk minne. Miljøkunstveka var eit viktig arrangement for å vekkje medvitet om det nære livsmiljø der vi er og bur (Førde hadde ved dei tider fått ord for å vere den grimmaste tettstaden i landet). «Laksen» og liknande kunstverk har ei viktig oppgåve når det gjeld særkjenne åt ein stad. Det har eigenverd som kunstverk og tidsbilete all den tid det og er ein del av det som er og vert vårt sams minne og arvelodd. Sogn og Fjordane kunstmuseum vil tilrå at «Laksen» og i framtida får vere slik den no er ein del av kunsten i Førde.

For Sogn og Fjordane Kunstmuseum v/Fridtjov Urdal