Tor Martin Leknes tilsett som kunstdirektør
Bilete av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde

Nyhende

Tor Martin Leknes (39) er tilsett som avdelingsdirektør kunst hos Musea i Sogn og Fjordane. Leknes får det overordna ansvaret for kunstfeltet i Musea i Sogn og Fjordane. Han vil ha sin base på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde.

Leknes, som kjem frå Kvammen i Askvoll, har ein master i kunsthistorie og jobbar for tida ved Astrupsenteret til KODE i Bergen. 

«Dette var ein mogelegheit eg berre måtte gripe», seier Leknes. «Eg gler meg til å ta fatt på denne spennande utfordringa», føyer han til.

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane er godt nøgd med tilsettinga av Leknes,  «Vi er svært glade for at Tor Martin har takka ja og ser fram til eit godt samarbeid. Dette blir bra!».

Leknes tiltrer i stillinga 8.mars 2021.

 

Sandane/02.12.2020

Kontaktperson:

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no