Jone Skjensvold – True Colours II
True Colours II, kunstverk av Jone Skjensvold
Jone Skjensvold, "True Colour 6". © Jone Skjensvold / BONO.
17. september 2020 - 15. november 2020

Om utstillinga

Utstillinga “True Colour II” av Jone Skjensvold opnar i Førde 17. september 2020.

Utstillinga True Colours II på Sogn og Fjordane Kunstmuseum er ei samanstilling av Jone Skjensvold sin nye måleriserien True Colours og to verk laga i samband med prosjektet Vincent Lunge Foundation Iran frå 2007-2013. Begge delar utsnitt frå langvarige prosessar i Skjensvold sitt kunstnarskap, og eit innsyn i hans utforsking av identitet og fargebruk.

Medan Skjensvold på 1990- og 2000-talet organiserte eigen praksis i fleire sosiale og relasjonelle prosjekt, ute i verda, er dei nye måleria i serien True Colours ei sakte og målbevisst utforsking av nøyaktig fargeblanding og fargane sine relasjonar, med utgangspunkt i Skjensvold sine nære omgjevnader.

Som busett på Stadlandet, ytst i havgapet, er Skjensvold dagleg i kontakt med eit landskap i evig endring. Her beveger skyene seg fort, med store endringar i lyset som streifar over havet og landskapet. Ute fangar Skjensvold inn endringane med kameraet sitt. Det er ofte verknadane av korleis eit motiv blir lyssett som fangar interessa. Ein farge sin variasjon, opplyst og i skugge, eller sola si gjennomlysing av kronblada til ein blome; i utstillinga omsett til finstemte fargetonar i striper. Fargane i kvart bilete er sett i to ulike typar lys, men dei er begge sanne.

Med ein referanse tilbake til tidlegare prosjekt skil to bilete i serien seg ut. Fargane er henta frå logoane til ni av Skjensvold sine sosiale og relasjonelle prosjekt på 1990- og 2000-talet. Fargar, ein gong valt for å gi prosjekta ein visuell identitet, er no utforska vidare i eit nonfigurativ biletspråk.

Gjennom ei samansetting av Skjensvold sine nye måleri og tidligare prosjekt, blir utstillinga på Kunstmuseet ei moglegheit til å eit få nærare kjennskap til ein konseptuell og prosesuell kunstnar busett i Sogn og Fjordane. Bak dei nonfigurative, fargesterke bileta skjuler det seg lys, skugge og ei langstrekt leiting etter fargar og fargane sine vekslande identitetar. Til saman ei utforsking av true colours. Direkte omsett ei utforsking av sanne fargar, eller på godt norsk: ei søking etter fargane sine eigne, sanne eg.

Utstillinga er mogleggjort gjennom BKSF / NKVN Kunstsenterefunksjonen

Utstillingar gjennom åra