Innkjøp av Astrid Myklebust til samlinga
Utvalg frå innkjøp, tekstilkunstverk av Astrid Myklebust på eit bord

Nyhende

I dag er eit av årets største og viktigaste innkjøp i hus i Førde. Astrid Wittersø har vore innom for å overrekke og fortelje om tekstilane til kunstnaren Astrid Myklebust (1934 – 2007. Myklebust er allereie innlemma i samlinga som grafikar, men vi går no til innkjøp av ni tekstilverk for å kunne ta betre vare på kunstnarskapet. Ikkje alle tekstilane er daterte, men sannsynlegvis spenner dei frå 1960-talet til midten av 1980-talet.

Med ei utdanning innan grafikk, vev og teikning arbeidde Myklebust som assistent for tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal på 1960-talet. Her kom ho i kontakt med eit grensesprengande vevkunstmiljø heime hos Anker Aurdal og Ludvig Eikaas. Som assistent var ho blant anna involvert i å veve teppet Anker Aurdal, Eikaas og Sigrun Berg utarbeidde som utsmykking til Håkonshallen i Bergen. Kunstnarutdanninga hadde ho frå Bergen kunsthåndverkskole (1952–55), prydsaum ved Bergens kvinnelige industriskole (1956), billedvev ved Statens kvinnelige industriskole i Oslo (1957), Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1959–60), Statens lærerskole i forming på Notodden (1961–63) og grafikklinja ved Bergen kunsthåndverkskole (1965–66). Allereie i 1968 fekk Myklebust antatt eit tekstilkunstverk på Vestlandsutstillinga, i ei tid der tekstilkunst sjeldan vart akseptert på lik linje med måleri og skulptur. Myklebust har delteke fleire gonger på Høstutstillingen, Vestlandsutstillinga og Distrikstutstillinga for Sogn og Fjordane.

Som mange kvinnelege kunstnarar i sin generasjon arbeidde Myklebust som lærar ved sida av kunstnarskapet. Eksperimentelle tekstilverk i små format “kravde ikkje så mykje plass”, og kunne arbeidast med heime, ved sida av ein karriere som lærar. Myklebust sine tekstilkunstverk frå eit langt liv som kunstnar har vore viktige å få inn i SFKM si samling. No er dei trygt pakka ned, før dei skal opp som ein del av neste års utstilling av tekstilkunst frå samlinga!