Patrick Huse – Northern Imaginary
Living Memory, trykk av Patrick Huse, 2008
Patrick Huse, "Living Memory", 2008. I samlinga til Drammens museum. © Patrick Huse / BONO.
15. juni - 15. oktober

Om utstillinga

Patrick Huse (1948) har i ei årrekke arbeidd i skjeringspunktet mellom kunst og antropologi. I dette prosjektet med nord-områda som omdreiingspunkt og dei erfaringar som er knytt til dette. 

Av di alle aktivitetane våre er basert på historie saman med våre eigne referansar og erfaringar vert historia ei vital kjelde for våre framtidige rørsler og utvikling. Det sosiale landskapet som dette prosjektet har sitt utspring i gjer synleg det komplekse forholdet mellom natur og kulturelle sosiale lag. Den antropologiske og etnografiske tilnærmingea representerer ei utvikling i kunsten, i retning større deltaking knytt til miljø og samfunn. 

Dei siste 20 åra har Huse hovudsakleg arbeidd med større museumsutstillingar i Canada, USA, Norge, Sverige, Finland, Island, Grønland og Russland. Patrick Huse er representert i samlingane til Nasjonalmuseet for kunst, Lillehammer kunstmuseum, Rogaland kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter, Hafnarborg kunstmuseum, Island, Reykjavik Art Museum-Island, Pori Art Museum-Finland, Rovaniemi kunstmuseum-Finland, Ammassalik/Tasilaq museum-Grønland og ei rekke private samlingar.

Representerte kunstnar: Patrick Huse

Verksfoto: “Living Memory”, 2008. Foto: Drammens Museum

Utstillingar gjennom åra