10 millionar til Astruptunet
Museumsbygg på Astruptunet

Nyhende

Sunnfjord kommune kan fortelje at Sparebankstiftelsen løyver 10 millionar til oppussing av Astruptunet i 2020. 

I pressemeldinga frå kommunen står det at løyvinga har kome etter søknad frå kommunen, som del av ei større satsing på restaurering av hus og hage i Astruptunet over dei neste 4 åra. 

Leiar for kunst- og kulturavdelinga i Sparebankstiftelsen, Anders Bjørnsen seier i pressemeldinga at Astruptunet er unikt som kunstnarheimmuseum i nasjonal og internasjonal målestokk og at eit restaurert hus- og hageanlegg, saman med det planlagte visningssenteret, vil ha fantastiske kvalitetar for formidling av Astrup sin kunst og virke.