Plognatten
1. juni - medio september

Om utstillinga

Plognatten var eit av Nikolai Astrup sine første tresnitt. Før 1900 skar han den lille plata med mann, hest og plog. Litt seinare vart dette felt inn i nøkkelplata til plognatten.

Plognatten vert i årets utstilling, eit symbol for dei fleste verka , der det ofte i kunsten til Nikolai Astrup handlar om å pløye og stelle jorda, før ein kan hauste av det som spirer og gror. Det ser vi  i Heim frå arbeid, der det har vore ein
lang slåttedag for å skaffe mat til dyra og i historia bak plognatten, som var å syte for poteter og korn til den ny tilsette
klokkaren i bygda. Den frodige rabarbraen til Astrup, nytta til mat og vin, var og planta og stelt med stor omtanke.

Ein kan heller ikkje gløyme alle dei flotte trea som Astrup
hadde slik omsut for. Astrup skriv i eit brev at han hadde bygdas flottaste hegg på Sandalstrand og kanskje er det frå denne det no veks opp ein ny hegg
nedanfor hovudhuset.  IVaarnatt og seljekall ser ein ei flott selje forma og stelt over tid, for at den skulle få forma til ein mann som strekkjer armane sine etter isdronninga.  På Sandalstrand planta han hundrevis av frukttre, som både skulle gje mat til familien og vere yndige motiv med fruktblomst i bileta hans.

Kurator: Solveig Berg Lofnes, avdelingsleiar for Eikaasgalleriet og Astruptunet

Utstilt kunstnar: Nikolai Astrup

Utstillinger gjennom åra