Mellom Vestland og verda
Dokumentasjon frå Fylkegalleriet i Sogn og Fjordane om oppsett av "Antropologiske studier i Sogn" av Rustam Andersson
Medio juni - medio august 2020

Om utstillinga

Når Hans Gude måla vestlandsfjordar på 1800-talet, var han ikkje stadbunden. Ei skisse teikna ein sommar i Noreg, kunne bli eit måleri i Tyskland neste vinter. I dag kan vi ikkje sjå kor det er måla.

I SFKM si samling har vi verk som på liknande vis bevegar seg mellom ein fjord og Noreg. Eller mellom Noreg og verda. Nokre lokale kunstnarar har aldri budd her, og andre har flytta inn. Nokre verk er tatt inn i samlinga for å vise ei nasjonal kunsthistorie og har ikkje anna tilknyting til regionen.

I denne samlingsutstillinga syner SFKM fram eit utval av museet sin kunst frå 1980 og 1990-talet, med nokre sidesteg framover og bakover i tid. I kraft av vår fortid som både fylkesgalleri og kunstnarsenter er SFKM del av ei spennande historie. Samlinga har ikkje nødvendigvis det ein reknar med å finne frå ein periode. I staden blir ein møtt av understraumar, utprøving og eit stort hjarte for staden Sogn og Fjordane i seg sjølv. Ny, ung kunst har vore prioritert i innsamlinga framfor det etablerte, og måleriet, 1980-talets store omdreiingspunkt i Noreg, er nesten fråverande. Pappboksar, tre og fotografi fyller i staden Høgsalen. I dag gjer dette samlinga til ei uvurderleg kjelde inn i endringar på kunstscena i fylket og i Noreg gjennom 1980 og 1990-talet.

Noko har over tid gått inn i ei nasjonal soge, andre verk har falle i gløymsel gjennom 30 år. Utstillinga er ei utforsking av SFKM sine samlingar, like mykje som av enkelte kunstverk i dei. Kva blei eigentleg samla inn i Sogn og Fjordane for 30 år sidan, og kva skjer når ein set det saman igjen i dag?

Kurator: Eirin Mailund Svendsen, kurator/formidlar ved SFKM

Representerte kunstnarar: Anne Aanerud, Rustan Andersson, Elena Engelsen, François Génot, Hans Fredrik Gude, Geir Tore Holm, Gruppe “Norsk Landskap 87”, Kjartan Slettemark, Britt Smelvær, Elisabeth Steen, Hans Martin Øien

Verksfoto: Gamle registreringsfotografi av “Antropologiske studier i Sogn” av Rustan Andersson

Utstillinger gjennom åra