Jølsters Eventyrlege Gigant – 100 år med Ludvig Eikaas
"Magister Haaken A. Christensen", plastskulptur av Ludvig Eikaas
1. juni - medio september 2020

Om utstillinga

I år er det 100 år sidan Eikaas vart fødd, og vi har gleda av å by på jubileumsutstilling i Eikaasgalleriet. 

Vi har teke utgangspunkt i vår eiga samling. Fleire nyinnramma verk vert å sjå. Ved opninga av Eikaasgalleriet i 1994 var samlinga på 100 verk, som Eikaas hadde gitt til Jølster kommune. Eikaas var fortsatt aktiv kunstnar og samlinga auka til om lag 850 verk fram til 2010. Stadane Eikaas budde påverka motiva og kunsten hans, samstundes som han fekk impulsar frå reiser, studieopphald og deltaking på utstillingar i utlandet. 

I jubileumsutstillinga har vi sett nærare på skildringane hans av Jølster, der han var fødd og oppvaksen, av Oslo og Madserud  Allé, der han budde mykje av sitt vaksne liv og av Tysnes, der han arva ein gard og budde i periodar. Eikaas budde òg ein vinter hos Rolf Nesch i Hallingdal og vi har sett på inntrykk han tok med seg frå det opphaldet. 

Eikaas var alltid på leit etter det nye, samstundes var han oppteken av det tradisjonelle. I utstillinga syner vi ei heil avdeling med banebrytande arbeid, der Eikaas nyttar nye materiale som isopor, ståltråd, plast og polyester i kunsten. “Dødsgjengen” som Eikaas var ein del av, må nemnast med sine banebrytande abstrakte verk. Det er òg heilt naturleg å ta med Eikaas sitt forhold til avisene.

Kurator: Solveig Berg Lofnes, avdelingsleiar for Eikaasgalleriet og Astruptunet

Utstilt kunstnar: Ludvig Eikaas

 

Utstillingar gjennom åra