Vestlandsutstillingen 2020
07. mars 2020 - 29. mars 2020

Om utstillinga

Opning laurdag 7. mars kl. 13 ved Hanne Storm Ofteland, avdelingsdirektør for SFKM

Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det ‘typisk’ norske i møte med det ‘typisk’ internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til ei kvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag.

Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt? Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.

Representerte kunstnarar:
Ananda Serné, Catalina Aguilera, Eli Maria Lundgaard, Hans-Marius Pilskog Giske, Inga S. Søreide, Jan Kåre Ruud, Matias Kiil, Marit Silsand, Sofia Heinonen, Sofia Eliasson, Steinar Haga Kristensen, Thor Tao Hansen, Tore Winsents, Urd Pedersen, Vilde Salhus Røed.

Vil du lese meir om Vestlandsutstillingen? Sjå https://www.vestlandsutstillingen.no/

Utstillingar gjennom åra